RADIOBASAR 2022 I MISJONSSALEN I ÅLESUND
Du er hjarteleg velkommen til Radiobasar i Misjonssalen i Ålesund laurdag 30. april kl. 12.00 - 15.00. Det blir andakt ved Oscar Nordbø og sang av Valle barnekor, og trekning av Radiolotteriet mm.
Les meir under "Hør saken".

I år blir det fysisk basar for første gang sidan i 2019. Forkynnar og misjonær Oscar Nordbø vil halde andakt, og det blir song av Valle barnekor. Det blir dessutan sal av kaffe og kaker, tombola og åresal. Og trekning av Radiolotteriet 2022. Inntekta går til drifta av Radio Nordvest.
Vi har nettopp feira påske til minne om at Jesus døydde for våre synder og oppstod til vår frifinning. Frukta av det er evig liv til alle som tek si tilflukt til han. Jesus gir glede og fred her i livet og ei evig framtid med evig glede. Det er denne bodskapen vi ønsker å spreie via Radio Nordvest. Vi ønsker også å vere med å peike på misjonsoppdraget.
Sidan slutten av januar har vi halde på med Radiolotteriet 2022 med mange flotte gevinstar: Stressless, 2 dokker med flotte kle og tilbehør, 3 internettradioar, fotografi ved Rune Sæther, boremaskin, 3 bøker om Petter Dass, Lego, brettspel, strikka genserar, Tova tøflar, selskinn mm. Desse gevinstane vil bli trekt på basaren, så det blir spennande å sjå kven blir dei heldige vinnarane.
Vi håpar og ber om at dette må bli ein flott Radiofest med basar og at mange pengar kan kome inn til drifta av Radio Nordvest. Håpar at også du kan kome og vere med!
Kommentarer
Ingen kommentarer her. Bli den første til å kommentere!
Skriv en kommentar
- Søndagstalen
- Intervju med legemisjonær Torleif Kiserud i tre delar
- 16. luke i Adventskalenderen
- Magne Arild Torgersen i samtale med Øystein Meling, del 5, 6, 7 og 8
Dagens sending
kl. 07-09 | Morgensendingen "7til9" |
kl. 10-11 | "Ti-timen" |
kl. 16-17 | "Etter arbeidstid" |
kl. 18-19.30 | "Kveld i Nordvest" |
kl. 22-00 | "Seinkveld" |