Siste podkast

Av Jan Magnus Dybvik 16 Apr, 2024
I midten av mars kom Anina Helen Ohma tilbake til Norge etter vel fire månader i Indonesia. Opphaldet var ein del av studiet på Ung Global linja på Fjellhaug Internasjonale Skule i Oslo der ho dette skuleåret går på Bibelskule. Anina Helen er frå Volda på Sunnmøre. Nedanfor kan du høyre intervju med henne i to delar der ho både fortel frå opphaldet i Indonesia og om Fjellhaug. Intervjuet vart sendt på Radio Nordvest tirsdag 16. april.
Av Jan Magnus Dybvik 29 Mar, 2024
Påskeprogrammet "Fred" er laga av lege og misjonær Reidulf Lillebø frå Volda. Del 2 vart sendt på Radio Nordvest langfredag 29. mars 2024 og kan høyrast ved å trykke på linken nedanfor. Del 1 av dette programmet vart sendt skjærtorsdag 28. mars 2024 og kan finnast på vår nettside. God Påske!
Av Jan Magnus Dybvik 28 Mar, 2024
Påskeprogrammet "Fred" er laga av lege og misjonær Reidulf Lillebø frå Volda. Del 1 vart sendt på Radio Nordvest skjærtorsdag 28. mars 2024 og kan høyrast ved å trykke på linken nedanfor. Del 2 av dette programmet vil kome langfredag 29. mars 2024. God Påske!
Av Jan Magnus Dybvik 19 Mar, 2024
Dette er eit program laga av lege og misjonær frå Volda Reidulf Lillebø. Det blei første gong sendt på Norrøna Radio Søre Sunnmøre i mars 1998. Sigvard Engeset var fødd 2. oktober 1885 i Ørsta. Han er kjent for fleire kjente og kjære evangeliske sangar. Nedanfor kan de høyre del 2 av dette ein times programmet. Det var sendt på Radio Nordvest tirsdag 19. mars 2024. Del 1 kan du også finne på vår nettside.
Av Jan Magnus Dybvik 12 Mar, 2024
Dette er eit program laga av lege og misjonær frå Volda Reidulf Lillebø. Det blei første gong sendt på Norrøna Radio Søre Sunnmøre i mars 1998. Sigvard Engeset var Frikyrkjeforstandar i Ørsta. Han er kjent for fleire kjente og kjære evangeliske sangar. Nedanfor kan de høyre del 1 av dette ein times programmet. Det var sendt på Radio Nordvest tirsdag 12. mars 2024. Del 2 vil bli sendt tirsdag 19. mars.
Av Jan Magnus Dybvik 01 Mar, 2024
Hjørdis Almelid Vikenes vaks opp i Innfjorden i Romsdalen, men bur no i Ørsta der ho er lærar på Ørsta Ungdomsskule. Ho er både lærar, journalist, politikar, bakelærar, leiar i Ørsta Indremisjon og sit i styret for Ørsta Idrettslag for å nemne noko! Bli kjent med denne aktive dama i intervjuet med henne som består av tre delar. Sjå nedanfor.
20 Feb, 2024
Etelney Silva Barbosa er frå Brasil og jobbar både som forsamlingsleiar i Nordbyen Kirke i Molde - og er i tillegg områdearbeidar i områda: Aukra, Hustadvika og Molde. Høyr blant anna korleis han kom til Norge og korleis han opplevde å kome til Norge. Nedanfor finn du intervjuet med han som består av to delar.
Av Jan Magnus Dybvik 13 Feb, 2024
"Kvitare enn snø" er eit vinterprogram og sangprogram laga av Reidulf Lillebø frå Volda. Det vart laga i februar 2010 og sendt første gong på Norrøna Radio Søre Sunnmøre. Del 2 av dette programmet blei sendt på Radio Nordvest tirsdag 13. februar og kan høyrast ved linken nedanfor. Del 2 inneheld blant anna ei gripande, sterk og fin historie frå Kina ved Misjonær Asbjørn Aavik.
Av Jan Magnus Dybvik 06 Feb, 2024
"Kvitare enn snø" er eit vinterprogram laga av Reidulf Lillebø frå Volda. Det vart laga i februar 2010 og sendt første gong på Norrøna Radio Søre Sunnmøre. Del 1 av dette ein times programmet blei sendt på Radio Nordvest tirsdag 6. februar og kan høyrast ved linken nedanfor. Del 2 vil bli sendt på Radio Nordvest tirsdag 13. februar.
VIS MER
Share by: