Radio Nordvest vil vere i feriemodus fram til midten av august

I denne tida vil Radio Nordvest streame pTro, vår samarbeidsradio, som også er ein del av Misjonssambandet sitt arbeid. Høyr meir om feriemodusen her. Vi ønsker dykk alle ein God Sommar og God Ferie!

Tale ved Thor Fremmergård Sykkylven Bedehus søndag 19. juni

Søndag 19. juni var det forbønnshandling for Ane og Anders Myklebust med familie i Sykkylven Bedehus. Her kan du høyre talen Thor Fremmergård heldt på denne festen. Thor Fremmergård er representant for Hovudstyret til Misjonssambandet og lærar ved Fjellheim Bibelskule i Tromsø

Forbønnshandling i Sykkylven bedehus søndag 19. juni for familia Ane og Anders Myklebust

Ane og Anders Myklebust med familie drar til Kenya som nye utsendingar for Misjonssambandet. Søndag 19. juni kl. 11.00 i Sykkylven bedehus blir det høgtideleg forbønnshandling for denne familia med to representantar med frå Misjonssambandet sitt hovudstyre: Thor Fremmergård og Robert Mulelid. Også regionleiar for Øst-Afrika Lamessa Endalew og regionleiar for Region Nordvest Jon Ove Holen blir med. Høyr her intervju med Ane og Anders Myklebust.

Intervju med misjonærparet Berit og Oddvar Vold ved Magne Arild Torgersen, del 3 og 4

Her kan du høyre del 3 og 4 av intervjuet med Berit og Oddvar Vold som har vore misjonærar både i Etiopia og Kenya. Opptaket blei gjort i oktober 2021.
F.v.: Jubilanten Kirsti Lianes, Jared frå Etiopia og tolk Solveig Klungsøyr

Etiopiaren Jared på overraskande besøk til misjonær Kirsti Lianes på Sunnmøre på hennar 90 års dag

Misjonær Kirsti Lianes fylte 90 år den 30. mai 2022. På sjølve bursdagen fekk ho overraskande besøk av Jared frå Etiopia. Jared var i ein livstruande og håplaus situasjon som baby i Negelli i Etiopia ca. året 1971, men Gud brukte Kirsti til å redde den lille babyen i siste time. Høyr Jared fortelje si spennande og dramatiske historie. Kirsti Lianes var misjonær for Norsk Luthersk Misjonssamband i Etiopia frå 1962 til 1977. Jared har no i mange år budd i USA saman med familia si, og der jobbar han som misjonsleiar i ei stor luthersk kyrkje med ansvar for 216 kyrkjelydar. Høyr intervju med Jared her. Tolk er misjonær Solveig Klungsøyr.

Intervju med misjonærparet Berit og Oddvar Vold ved Magne Arild Torgersen, del 1 og 2

Berit og Oddvar Vold kom til Etiopia første gong i 1974 og var utsendingar der for Misjonssambandet i fleire år. No er dei pensjonistar og bur i Ålgård i Rogaland. Magne Arild Torgersen besøkte dei i fjor haust og gjorde då dette intervjuet som består av fire delar. Her kan du høyre del 1 og 2.

Intervju med Japanmisjonær Marius Bergersen

Marius Bergersen har saman med kona Karoline Skjong Bergersen og barna vore i Japan dei siste seks åra som utsendingar for Misjonssambandet. Høyr her eit intervju med Marius som blei gjort tirsdag 10. mai. Intervjuet består av tre delar.

Radiobasaren og Trekningsliste Radiolotteriet 2022

Radiobasaren vart vel gjennomført og godt besøkt i Misjonssalen i Ålesund laurdag 30. april. Tusen takk til alle som var med, til kjøkkengjengen som sørga for god mat, til Valle Barnekor som gledde oss med flott sang, til Oscar Nordbø som heldt andakt, til alle som kjøpte lodd og til styret som stod på og la ting til rette. Resultatet på Radiobasaren blei 41.094 kr til Radio Nordvest. Tusen takk! Radiolotteriet blei trekt under basaren, og nedanfor finn de trekningslista. Takk til alle som bidrog med gevinstar og til alle som kjøpte lodd! Resultatet på Radiolotteriet 2022 blei 173.660 kr. Totalt for Radiobasaren og Radiolotteriet blei resultatet 206.754 kr. Eit resultat vi er godt fornøgde med. Tusen takk! (Trekningslista finn de under "Hør saken".)

RADIOBASAR 2022 I MISJONSSALEN I ÅLESUND

Du er hjarteleg velkommen til Radiobasar i Misjonssalen i Ålesund laurdag 30. april kl. 12.00 - 15.00. Det blir andakt ved Oscar Nordbø og sang av Valle barnekor, og trekning av Radiolotteriet mm.
Les meir under "Hør saken".

Påskeprogrammet "Påske er siger", ved Reidulf Lillebø

Også dette påskeprogrammet er laga av Reidulf Lillebø. Det var første gong sendt i 2010 på Norrøna Radio Søre Sunnmøre. Du kan høyre programmet her. Det består av to delar, men er opprinneleg ein heilhet. Det varer til saman i ca. 1 time.

Påskeprogrammet "Fastetid og Sigvard Engeset", ved Reidulf Lillebø

Dette påskeprogrammet laga av Reidulf Lillebø var første gong sendt 9. mars 1998 på Norrøna Radio Søre Sunnmøre. Det handlar ein del om påskebudskapet og dessutan om Sigvard Engeset som har skrive mange flotte sangar. Han var frå Ørsta på Sunnmøre og var blant anna forstandar i Frikyrkja. Høyr dette verdifulle programmet her, som består av to delar, men er opprinneleg ein heilhet. Det varer til saman i ca ein time.
Frå Radiomøtet i Misjonssalen i Ålesund 19. mars

Tale ved Asbjørn Kvalbein om sorg, trengsler og vanskar i livet

Radio Nordvest inviterte til radiomøte i Misjonssalen i Ålesund laurdag 19. mars. Hovudgjest var mediemannen, mediemisjonæren og mediepioneren Asbjørn Kvalbein. Han hadde ein tale som du kan høyre her.

Radiomøte med Asbjørn Kvalbein i Misjonssalen i Ålesund

Radio Nordvest inviterer til Radiomøte med mediemannen Asbjørn Kvalbein laurdag 19. mars kl. 18.00. Arrangementet blir i Misjonssalen i Ålesund.
Andakt og kåseri ved Asbjørn Kvalbein
Tema: "Hvordan vurderer du framtidig radioarbeid?"
Tid for spørsmål
Sang av Knut-Asbjørn Ulstein og Jørn Asle Lillebø
Bevertning
Alle er hjertleg velkomne!

Radiofest med årsmøte vel gjennomført i Volda bedehus søndag 6. mars

Det var første gong Radio Nordvest la sin radiofest med årsmøtet på sørsida av Storefjorden, og vi blei godt mottatt av misjonsvennane i Volda bedehus. Takk for godt vertskap og god bevertning! Per Ove Sve frå Stranda gav oss mykje i andakta, og Tor Rødseth og Arnvid Brandal gledde oss med flott sang. Styremedlem Roar Engås hadde laga ein flott Power Point presentasjon om Radio Nordvest med visualisering av litt historie, dekningskart og sendetider mm. Styreleiar Martin Valen presenterte årsmeldinga, og regionleiar Jon Ove Holen orienterte om rekneskapen. Inger Valbø er valt som ny styremedlem og Reidun Kjerstad Eidem til 1. varamann. Victoria Fiske trer ut av styret, og vi takkar henne for stor og flott innsats for Radio Nordvest! Det blei tatt opp kollekt til Radio Nordvest, og det kom inn 4.600 kr. Takk til kvar enkelt! Då er det berre å glede seg til ny radiofest som blir i Misjonssalen i Ålesund laurdag 19. mars kl. 18.00 med blant anna andakt og kåseri av "radiomisjonær" Asbjørn Kvalbein.
Tor Rødseth og Arnvid Brandal blir med på Radiofesten i Volda

RADIOFEST MED ÅRSMØTE I VOLDA SØNDAG 6. MARS

Radio Nordvest inviterer til Radiofest med årsmøte i Volda bedehus søndag 6. mars kl. 17.00.
Andakt: Per Arne Sve
Sang og musikk: Tor Rødseth og Arnvid Brandal
Presentasjon av radioarbeidet
Bevertning
Årsmøtesaker
Alle er velkomne!
Dersom du treng skyss, kontakt Radio Nordvest i kontortida for nærmare avtale på tlf. nr.: 70 17 44 44.

Adresser

Post

Postboks 7503
Spjelkavik,
6022 Ålesund

Besøk

Spjelkavikveien 132,
6010 Ålesund

Kontakt

E-post

post@radionordvest.no

Telefon

70 17 44 44

Mobil

456 14 012

Radio Nordvest kan du høyre på FM 101,0 i Ålesund

FM 105 (Longva) og FM 103,4 (Tussvika)

Vil du gi di støtte til Radio Nordvest?

Kontonummer: 8220.02.91707

webløsning utviklet av mWEB